Basecamp Kvinnherad

Basecamp Kvinnherad (22. – 24. juni)

ER DU MELLOM 13 – 16 ÅR?
Basecamp Kvinnherad var eit nytt tilbod frå Friluftsrådet Vest i fjor sommar. Også i år arrangerer vi camp og gledar oss stort til å sjå igjen kjente og ukjente. Campen er lokalisert til Uskedalen –der vi kan nytta oss av både fjorden og fjella. Hovudaktivitetane vert basert på nettopp dette. Nytt i år er at deltakarane kjem til å overnatta heima under basecampen. Dette er på grunna av smittevernreglane i høve korona-situasjonen. Alle deltakarane bur difor heime, men vi kjem til å ha dei fleste måltida saman. Påmelde deltakarar vil få meir informasjon tilsendt på mail.

Aktivitetar: Basecamp Kvinnherad har i år hovudvekt på fjelltur, klyving og kajakk, men det vert også mange andre aktivitetar.  (Dersom du i løpet av leiren klarer krava for å ta «Våttkort» så kan du få utlevert dette mot ei tilleggsavgift på kr. 250,-)

– Kajakk, SUP-board, kano, fisking, bogeskyting, fjelltur, klyving, slakk line, konkurransar, leikar, bålkos, bading, god mat og vennskap

Påmelding til: basecampkvinnherad@gmail.com før 17. juni (Fyrst til mølla – max 20 deltakarar)

Pris:          800 ,-

Alder:       13 – 16 år  (født i 2004– 2007)

About the author  ⁄ Knut Sørensen