Hisøy friluftsområde

Bømlo kommune

Posisjon: 59.87802, 5.1828

Hisøy - webHisøy ligg like aust for Rolvsnes og framstår som ein spanande oase av eit friluftsområde. Her planta Dr. Heitmann skog med innslag av sjeldne tresortar på slutten av 1800-talet. No er det Dr. Heitmanns legat som eig øya, men friluftsrådet er med og driftar denne perla i skjergarden. Hisøy kan lokka med fine turstiar i den ulike skogen, ulike kulturminne, flotte svaberg og mange gode plassar å fortøya.

Hytta til Dr. Heitmann er heldt i god stand og kan leigast ut til besøkande. Ta kontakt  med servicekontoret til Bømlo kommune for å tinga plass.

 

Hisøy - pic

 

 

 

Get Directions

  show options