Idyll i Fitjar sikra som friluftsområde

Pilapollen-1

Pilapollen

Friluftsrådet Vest har i løpet av 2014 fått nye, langvarige avtalar på Teløy i Fitjar kommune. No er og vestsida av den idylliske Pilapollen sikra for ålmenta. Pilapollen er et mykje brukt båtutfartsområde, som no kan bli lagt endå betre tilrette for båtfolket.

Området mellom Pilapollen og Teløysundet blei sikra som offentleg friluftsområde for lenge sidan, men no er dei sikra areala meir enn dobla. I tillegg til dei nemde vestlege delane av Pilapollen, er og eit område rundt Teløyhavn no eit statleg sikra friluftsområde, forvalta av Friluftsrådet Vest.

Friluftsrådet har planar om å leggja ut flytebrygge omtrent midt i Pilapollen, slik at gjestande båtar får gode forhold til fortøyning og ilandsstigning. På land vil gjestene etter kvart finna gode, merka turstiar som bind dei tre ulike friluftsområda på øya saman.

Teløyhavn-1

Teløyhavn

Teløy ligg vest for kystkulturperla Smedaholmen, som og er eit offentleg friluftsområde. Smedaholmen er nærast sprengd av båtturistar i sommarsesongen, og no vil betre tilrettelegging på Teløy vera eit godt supplement. Begge desse flotte øyane ligg nært Fitjar sentrum.

Har du ikkje eigen båt, kan du låna robåt hjå friluftsrådet, for å komma deg ut til desse perlene. Ein såkalla kystledbåt er utstasjonert på Fitjar. Ta kontakt med servicetorget hjå Fitjar kommune om du vil tinga denne båten.

 

 

 

 

 

About the author  ⁄ Odd-Bjørn Saltnes