Valøya friluftsområde

Kvinnherad kommune

Pos. N 59º 49.39  E 05º 47.84

53 ValøyaValøya friluftsområde ligg i Valen og består av halvøya Indre Valøya og øya Ytre Valøya (Ystøya) som du kan skreva over til på fjære sjø. Du kjem til området ved å ta av frå FV48 ved Valen sjukehus og følgja skilta ned til parkeringsplassen ved sjøen. Du kan og vitja området med båt og gjerne fortøya i bukta mellom øyene.

På Valøya friluftsområde finn du fin turveg i gammalt kulturlandskap og turstiar i  blandingsskog. Fin utsikt frå toppen av Ystøya.

Her er gode tilhøve for bading, fisking, padling, grilling og annan friluftsaktivitet. Her finn du og grillhus. Og snart kjem det toalett her, og!

 

 

 

Get Directions

  show options