Teløy ligg vest for kystkulturperla Smedaholmen, som og er eit offentleg friluftsområde. Smedaholmen er nærast sprengd av båtturistar i sommarsesongen, og no vil betre tilrettelegging på Teløy vera eit godt supplement. Begge desse flotte øyane ligg nært Fitjar sentrum.

Har du ikkje eigen båt, kan du låna robåt hjå friluftsrådet, for å komma deg ut til desse perlene. Ein såkalla kystledbåt er utstasjonert på Fitjar. Ta kontakt med servicetorget hjå Fitjar kommune om du vil tinga denne båten.