Hisøya

Hisøya er ein grøn oase i skjergarden mellom Bømlo og Fitjar, like utafor Rolvsnes. Distrikstlegen Christian Heitmann importerte mange sjeldne treslag og planta på øya. Dette er eit spanande friluftsområde som har mange kvaliteter på ein plass. Her kan du gå turar i den storvakse skogen, padla på Hisøyvatnet, overnatta i den restaurerte hytta, m.m. Friluftsrådet Vest planlegger, i samarbeid med legatet, å betre ilandstigninga på øya, med oppgradering av brygge og utsetting av flytebrygge på austida av øya.