Olalia - ditt nærmeste vinterland
Sjekk vær og føreforhold på webkameraene i Olalia:
Olalia er eitt av dei mest brukte utfartsområda i regionen. Området er eit flott turområde både vinter, sommar og haust. Her finn du inngangsporten til eit stort og variert turområde.
Det er to turutgangspunkt: frå Olalivegen/Oppheim med oppkøyring frå E134 mellom Ølen og Etne, eller frå Fjellstøl skianlegg med oppkøyring frå Sandeid.
Det er om lag 5 km belyst turveg (lysløyper) mellom Oppheim og Fjellstøl. Det er òg god turveg vidare inn til Olalia Fjellstove (Olallihytta), ein god times gange (ca. 5,5 km). Sjekk føreforholda før du legg ut på tur.
Du kan òg følgje merkte stiar og løyper til turmål som Hest, Vådli og Staurskar. Tips: Vi anbefaler absolutt å ta turen vidare opp frå Olalihytta til Staurskar (ca. 20–30 minutt å gå). Her får du ei heilt anna fjellutsikt enn frå kafeen på fjellstova.
På vinterstid kan du følgje lia tilbake frå Staurskar og kome inn på skiløypene igjen anten på nordsida av Ongelshaugen, eller du kan køyre ned og kome inn på løypene på toppen av bakken opp frå Olalihytta.
Skiutleige i Olalia frå Frilager Haugalandet
Privatpersonar kan no leige skiutstyr frå sjølvbetente skibodar i Olalia. Skular og frivillige organisasjonar låner gratis. Lag deg ein brukar på www.frilager.no, bestill skiutstyr og hent utstyret i skibodene på Oppheim eller Fjellstøl.
Olalivegen er bomveg med automatisk skiltgjenkjenning
Betaling for enkeltpassering og årskort:
Årskort for 2026 kan kjøpast frå 01.01.2026.
Kjøp av årskort må gjerast før første bompassering dersom ein vil unngå å betale for enkeltpassering. Lag deg ein brukar på www.youpark.no, vel bomvegar og søk opp «Olalivegen».
Årskort kostar:
· 750 kr for eitt køyretøy
· 1125 kr dersom ein ønskjer årskort for to køyretøy Enkeltpassering må betalast innan 48 timar på www.youpark.no for å unngå tilsend faktura med fakturagebyr på 59 kr.
Pris for enkeltpassering:
· 75 kr for køyretøy inntil 3,5 tonn
· 150 kr for køyretøy over 3,5 tonn
Automatisk skiltgjenkjenning
Du treng ikkje stoppe ved passering. Alle køyretøy blir automatisk registrerte ved passering, og betaling skal skje elektronisk via youpark.no.
Ved faktura blir det lagt til eit fakturagebyr på 59 kr. Du unngår dette ved å betale innan 48 timar, eller ved å registrere ein brukar på youpark.no med automatisk trekk frå betalingskort.
Olalivegen er bomveg, og norske bomvegar har ikkje krav til kort- eller kontantbetaling. Difor er det ikkje mogleg med kortbetaling eller kontantbetaling her. For meir informasjon, sjå www.youpark.no eller kontakt Youpark kundeservice på telefon 47 70 07 00.
Grunneigarar som er medlem i grunneigarlaget får vidareført fritak, men må registrere seg hos bomselskapet.
For opningstider på Olalia Fjellstove (Olalihytta), sjå nettsidene til Haugesund Turistforening.